Årdalsnett
Mi Side
Sponsoravtalar
Årdalsnett er opptatt av å støtte opp om idretts- og kulturtilbod i lokalmiljøet, og er også synleg under årlege arrangement som skjer i Årdal og Lærdal. Me ynskjer å gi attende til våre kundar ved å sponse born og unge sine aktivitetstilbod.

Påskerock
Skyttarlag
Hugin
Blås Grønt Aksjonar
Med meir...
Samarbeidspartnarar
I tillegg til dei faste ansatte kjøper me tenester frå fleire samarbeidspartnarar, mellom anna:

Årdal Energi
Telenor
Enivest
Agnitio
Kven er vi
Hausten 2000 såg Årdal kommune behovet for eit breibandselskap i bygda, og inviterte lokale verksemder og privatpersonar til eit samarbeid. Eit forprosjekt finansiert av kommunen gjennom Årdal Utvikling, Årdal Næringssamskipnad og Årdal Energi vart gjennomført og resultatet presentert i februar 2001. Vinteren 2001 vart det gjennomført ein retta emisjon mot utvalde aktørar, og Årdalsnett AS vart formelt stifta 21.05.2001. I dag er Årdalsnett eigd av Årdal Energi KF, Enivest AS og Indre Sogn Sparebank.
Vår visjon
Årdalsnett skal vere ein totalleverandør av breiband og kabel-TV. Forvaltning, verksemder og innbyggarar i Årdal skal settast i stand til å nytte breibandtenester til konkurransedyktige prisar. Me skal vidareutvikle våre nettverk i Årdal og i Lærdal slik at våre kundar effektivt og enkelt kan samhandle seg imellom via nettet, og slik at dei får ein brei, felles veg ut mot omverda. Årdalsnett skal ta ansvar for å vidareutvikle eit breiband for næringsliv, forvaltning og privatpersonar i Årdal og i regionen gjennom ein lokal organisasjon med lokal styring.
Næringsliv
Årdalsnett har som mål å vera totalleverandøren av breiband og TV til næringslivet i Årdal og Lærdal. Me tilbyr fleksible ordningar med ynskja hastigheit, rask service og vaktsamarbeid med Årdal Energi slik at du som bedriftskunde kan vera trygg på at arbeidet i bedriften ikkje stoppar opp i lengre periodar om det skulle oppstå problem på nettet vårt.